Parisavtalen 5 år etter – med direktør Tore Furevik

Bjerknes Climate Podcast - A podcast by Bjerknes Centre for Climate Research

Parisavtalen vart vedteken under FNs klimatoppmøte i desember 2015, etter mange års arbeid for gjennomslag for internasjonal klimahandling. I den står det at me skal etterstrebe å halde temperaturauken til under to grader. Kvar er vi no, fem år etterpå? Vi skal ikkje ein gong seie orda «2020 har vore eit spesielt år», sagt uttallege gongar sidan mars, og især no i slutten av desember gjenteke i årskavalkadar. For klimaet sin del har det likevel vore første året ein reduksjon i utslepp av CO2 sidan vi byrja å måle utslepp – sjølvsagt av grunnar vi helst skulle ha latt vere å ha gjennomført. Tore Furevik, direktør ved Bjerknessenteret, som var i Paris i desember 2015, oppsummerar dei siste fem åras utvikling – både for politikken generelt, og for seg personleg, ei utvikling han meiner har endra han frå pessimist til optimist. Du har no lytta til ein podcast frå Bjerknessenteret for klimaforsking. Bjerknessenteret er eit partnerskap mellom Universitetet i Bergen, Norwegian Research Centre NORCE, Nansensenteret og Havforskningsinstituttet. Musikken er Arcade Montage av Lee Rosevere under Creative Commons-lisens by-3.0. Podcasten er produsert av meg, Andreas Hadsel Opsvik, ved Bjerknessenteret for klimaforsking.