Den store (lille?) juleøltesten. Firdapostens vekevise podcast, episode 11.

Firdaposten - A podcast by firdaposten

Juleølsmaking har vore ein lang tradisjon i Florø, og i Firdaposten, særleg gjennom aktiv og entusiastisk deltaking frå journalistlegendene Harald J. Stavang og Knut Magnussen. No tek podcast-gjengen, denne gongen representert med Fredrik Helland, Per Øyvind Helle og Arne Hjorth Johansen opp hansken. I denne podcasten smakar dei på ni sortar øl, og kårar ein vinnar. Dette gjer dei samtidig som dei snakkar om kva saker som har vore mest lest i Firdaposten den siste veka, og gjer ei oppdatering på kåringa av tiårets florøværing. Vi håper du har det like kjekt når du høyrer på som dei hadde då dei spelte det inn.  Dette var årets siste podcast, men vi definerer denne hausten som ein suksess og satsar på å vere tilbake igjen på nyåret.