Sjøormen Thunes fikk smultring av uegoistisk spiss

Firdaposten - A podcast by firdaposten

Tradisjonen tru, har byens mest prominente innbyggjarar samla seg på Florø stadion når nasjonaldagen lir mot kveld. Apropos tradisjon, må det sjølvsagt rettast opp i feil frå forrige podcast. Det bydast også på kontroverser, samt den faste dosen med generell pisspreik. Denne gangen er det krumtappen i eit kvart lag, nemleg angrepet, som skal kårast i anledning tiårets lag for FK Tempo. Her er det sylskarp konkurranse blant notoriske måljegera og påståtte tilretteleggjera. Blir det som i glansdagane, der det i realiteten berre var sju ledige plassa å kjempe om, eller har Tempomafiaen stempla ut siste ruta i klippekortet? Kven av kandidatane har gått frå sexylubben til tynn, og omvendt? Kven har måtte finne seg i å vike plass for ei tidlegare Bodø Glimt-legende? Kven har som fast kamprituale å smuge på sidelinja før kamp? Dette, og mykje meir, får du svaret på i dagens episode! I tillegg til dette, blir det velkjente sleivspark oppover, oppsummering frå Tempohistoriens første pandemi-tilrettelagte fotballtrening, oppdatering frå Breivika og kanskje litt meir.