#27: OnlyFans og majones

Er det innanfor for middelaldrande kvinner med deltidsjobb på Cubus å skaffe seg ein OnlyFans-konto for å spe på privatøkonomien? Og kva for ein fritidsklubb er det eigentleg som har teke over NRK? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Om Podcasten

Hildegunn Moltubakk er ei fråskilt trebarnsmor og husmor frå Ulsteinvik på Sunnmøre. Tidlegare var ho viden kjend som artist og songar, og har turnert land og strand i årevis saman med den gitarspelande svogeren sin, Leif-Per. Sidan Hildegunn har behelde huset og kjøpt ut eksmannen, Per-Leif, har det vore tøft økonomisk - og betre vart det ikkje då dottera, Brit-Bente, nyleg flytta heim igjen med dei fire ungane sine. Då er Leif-Per ei god støtte, og dei snakkar på telefon opp til fleire gonger i veka - som regel store spørsmål om bittesmå ting. Vil du støtte denne podkasten? VIPPS eit valfritt bidrag til 604810. Vil du annonsere på denne podcasten? Ta kontakt på [email protected] Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.