LitFestBergen 2020 - Rasisme i USA før og no

LittPod - A podcast by Litteraturhuset i Bergen

Categories:

Då Lynda Blackmon Lowery marsjerte med Martin Luther King frå Selma, Alabama i 1965, var ho berre 15 år, men ho visste kva rettferd var, og ho visste ho ville ha det. Dette fortel Lowery om i den grafiske memoarboka Turning 15 on the Road to Freedom. Lowery har levd gjennom - og vore med på - store omveltingar i amerikansk historie. Korleis var det den gongen, og korleis er det eigentleg å vere svart i USA i 2020? Lowery snakkar med kritikar Kaja Schjerven Mollerin om korleis det var å marsjere med Dr. King, og korleis det er å bu i Sørstatane i dag. På engelsk. På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.