EKSTRA: Om Vegard Harm i Norseman og Lars Haugvad - frå rullestol til 12.plass
NIH-podden - A podcast by Norges idrettshøgskole - Tuesdays

Norseman-forskarane Trine Stensrud og Jonny Hisdal fortel om prestasjonen til Vegard Harm som har trent seg opp frå scratch til å stå på startstreken i Norseman i ein eigen VGTV-serie. Du får også høyre den sterke historia til supermosjonist Lars Haugvad som stilte for Aktiv mot kreft i Norseman. Sjølv har han utdanning frå NIH og har jobba med mange av våre aller beste utøvarar i Norges skiforbund og Olympiatoppen. Det siste året har han satsa beinhardt for å vise at det er mogleg å prestere i toppen av verdas hardaste triatlon, sjølv med ein alvorleg sjukdomshistorie. Programleiarar er Christina Gjestvang og Gjermund Erikstein-Midtbø.