Høgdetrening og forsking på prestasjon i mellomhøgde
NIH-podden - A podcast by Norges idrettshøgskole - Tuesdays

Kva er fordelane og ulempene med høgdetrening? Kan mosjonistar også ha effektar av trening og korte opphald i høgda? Du får også høyre om eit spennande forskingsprosjekt om prestasjon på såkalla "mellomhøgde". Programleiar Gjermund har vore deltakar på masterprosjektet og løpt i høgdekammeret på NIH på 300 og 1300 meter. Kva skjer med utnyttingsgraden av oksygenopptaket på dei to forskjellige høgdene? Olve Ure og Karen Marie Håkonsen tar begge master i idrettsfysiologi og bevegelseslære og kjem til studio for å gje Gjermund resultata hans og fortelje om hypotesen dei vil finne ut. Professor Thomas Losnegard kjem for å fortelje om høgdetrening, og kvifor Klæbo og dei andre løparane på langrennslandslaget prioriterer høgdetrening annleis. Programleiarar er Christina Gjestvang og Gjermund Erikstein-Midtbø. Redigerer Eskil Byrkjeland.