Alfred Fidjestøl om den spektakulære historia til Det Norske Teatret
Språkoppdraget - A podcast by Det Norske Teatret - Wednesdays
Categories:
No til dags utspeler det meste av dramatikken på Det Norske Teatret seg på scenane våre.Men slik var det ikkje i oktober 1913, då teateret opna. Den gongen utspelte dei mest dramatiske scenane seg i gatene rundt teateret, der fleire tusen menneske tok del i gatekampar, fleire kveldar på rad.Og det var ikkje teaterframsyningane i seg sjølv som førte til det sterke engasjementet; det var at teateret spelte på nynorsk, midt i Oslo sentrum.I denne episoden av Språkoppdraget tar filosof, journalist og biograf Alfred Fidjestøl oss gjennom den spektakulære historia til Det Norske Teatret, ei historie der språket er ein evig aktuell raud tråd.Programleiarar er Inger Johanne Sæterbakk, språkkonsulent på Det Norske Teatret og Erlend Tårnesvik Dreiås, formidlingsansvarleg ved Det Norske Teatret. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.