Guri og Olav Vesaas om faren Tarjei Vesaas, om Fuglane og teateret

Språkoppdraget - A podcast by Det Norske Teatret - Wednesdays

I år er det 125 år sidan Tarjei Vesaas vart fødd, og i høve jubileet set Det Norske Teatret opp romanen hans Fuglane i ei ny dramatisering. I denne episoden av Språkoppdraget har vi besøk av barna til Tarjei Vesaas, Guri og Olav Vesaas. Dei fortel om Tarjei Vesaas sitt forhold til språket, til teateret og ikkje minst til romanen Fuglane og karakteren Mattis.  Vi snakkar også om mor til Guri og Olav, Halldis Moren Vesaas og hennar virke som gjendiktar og omsetjar ved Det Norske Teatret.Programleiarar er Inger Johanne Sæterbakk, språkkonsulent på Det Norske Teatret og Erlend Tårnesvik Dreiås, formidlingsansvarleg ved Det Norske Teatret. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.