Kari Veiteberg om tru, teater og tekstane som samlar oss

Språkoppdraget - A podcast by Det Norske Teatret

Oslo-biskop Kari Veiteberg må ha eit språk for alle livets fasar, frå bryllaup og dåp, til gravferd og nasjonale kriser. I dei største gleder og dei djupaste sorger skal ho finne orda som samlar, anten vi trur eller tvilar.Kva er likskapen mellom kyrkja og teaterscenen? Er det mogleg å samanlikne kyrkjelyden med eit publikum? Og korleis kan ein bryte gjennom «den fjerde veggen» i Guds hus? Det har Veiteberg tenkt mykje på, og det snakkar ho om i denne episoden av Språkoppdraget. Vi er innom historia til det norske bibelspråket, om samhøvet mellom dialekt og skriftspråk og vi snakkar om kva som skil og kva som sameinar det religiøse språket og kvardagsspråket.I denne juleepisoden får vi også høyre kva biskopen tenkjer er det viktigaste i julebodskapen. Og vi får stadfesta det som for mange er heilt innlysande: Juleevangeliet gjer seg aller best på nynorsk. Lytt til Språkoppdraget - og vurder sjølv. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.