Lars Petter Sveen om frykta for å stamme og lysta til å snakke

Språkoppdraget - A podcast by Det Norske Teatret - Wednesdays

Forfattar Lars Petter Sveen har levd med stamming heile livet, og like lenge har han prøvd å skjule at han stammar. Han trudde også at han takla det veldig fint, heilt til han svima av under ei opplesing på scenen på Litteraturhuset i Oslo i fjor haust. «Eg håpar ikkje eg stamma», var det første han tenkte på då han kom til seg sjølv igjen. Det andre han tenkte var: «No har frykta for å stamme gått for langt.»Han bestemte seg for å ta tak i stamminga si. Resultatet har blitt boka Kunsten å stamme – utan at noen merker det. I denne episoden av Språkoppdraget snakkar vi med Lars Petter Sveen om korleis han i 40 år hatt gått omvegar i språket og i livet for å skjule at han stammar, og korleis frykta for å stamme har påverka kroppen, ordforrådet, dialekta, skriftspråket og yrkesvalet hans. Og kva gjer ein forfattar når han er redd for å seie ordet litteratur høgt?Vi snakkar også om kor vanskeleg det er å gå frå å vere romanforfattar med full kontroll over romankarakterane sine, til å skrive ein sakprosa med seg sjølv og familiemedlemmar i hovudrollene, om kvifor nynorskbrukaren Lars Petter bytte til bokmål når han skulle skrive bok om seg sjølv, og om kor viktig det er å finne den gode stemma for å skrive god litteratur. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.