Manish Sharma om Haugesund, hindi og Hør her’a

Språkoppdraget - A podcast by Det Norske Teatret

I denne episoden av Språkoppdraget har vi besøk av skodespelar Manish Sharma, som er premiereklar med stykket Hør her’a i desse dagar. Manish er truleg ein av landets største Haugesund-patriotar, og i denne episoden snakkar han om kvifor han er så glad i heimbyen sin, om korleis han lærte seg hindi, morsmålet til foreldra sine, gjennom å sjå Bollywood-filmar, og om kvifor han misliker at det er så mange engelske ord i hindi og norsk.Mange kjenner Manish frå seriesuksessen Makta, der han speler partisekretær Ivar Leveraas, eller frå teaterstykket Tante Ulrikkes vei, som han speler i på femte året. Eller så har du kanskje sett han på NAV på Tøyen. Manish jobba nemleg som saksbehandlar der mens han venta på at draumen om å komme inn på Teaterhøgskolen skulle gå i oppfylling. Kva tar han med seg frå NAV inn i teateret, og finst det nokre likskapar mellom sosionomyrket og skodespelaryrket?Vi skal sjølvsagt også snakke om Hør her’a, både boka, filmen og teaterstykket. Her er Manish ekspert. Han speler nemleg både i filmen som kom i fjor og i teaterstykket på Det Norske Teatret denne våren. Vi snakkar om forskjellen på film og teater, om forskjellen på å bli casta som pakistansk taxisjåfør og norsk partisekretær, og om kvifor urdu er så løye på nynorsk.  Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.