Mette Elisabeth Nergård om julebrevets mystikk og overraskingar

Språkoppdraget - A podcast by Det Norske Teatret

Julebreva frå slekt og vennar i resten av landet var årets høgdepunkt då Mette Elisabeth Nergård vaks opp i Finnmark. Dei små historiene om andre folk sine liv vart lesne som små fiksjonsforteljingar. Og då ho seinare begynte å forske på julebrevsjangeren, fann ho ut at fleire av oss pyntar litt på sanninga i det masseproduserte julebrevet. Kor mykje er det lov å skryte og kva bør ein absolutt ikkje skrive om? Kven er julebrevet til for, avsendaren eller mottakaren? Og korleis går det med julebrevet no når det er jul heile året - på Facebook.Svara får du i den fjerde episoden av Språkoppdraget, der Nergård er gjest.Programleiarar er Inger Johanne Sæterbakk, språkkonsulent på Det Norske Teatret og Erlend Tårnesvik Dreiås, formidlingsansvarleg ved Det Norske Teatret. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.