Håkon Rydland Sæbø - om Fellesskap, Fiskehelse og Padling i Fitjarøyane

SunnhordlandPodden - A podcast by Kjetil Fyllingen - Mondays

Categories:

Han hadde budd i 13 hus før han fylte 12 år, hoppa på ski i Nord-Noreg, budde lenge i Odda, men landa til slutt på Fitjar. I dag er han veterinær med fokus på fiskehelse, styreleiar i idrettslaget på Fitjar og engasjert i alt frå fellesskap, gardsliv og venelaget for Longøyo. I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter me Håkon Rydland Sæbø – ein mann med mange jarn i elden, eit smittande engasjement og god formidlingsevne.Sponsor: Fitjar KraftlagFitjar Kraftlag er ein lokal straum- og breibandsleverandør som er eigd av fitjarbuen sjølve, og av andre som er medlemer i kraftlaget.Fitjar Kraftlag bidreg òg til verdiskaping i lokalsamfunnet gjennom sponsormidlar til ulike lag, foreiningar og arrangement på Fitjar.Målet til Fitjar Kraftlag er å vera ein viktig bidragsytar i lokalsamfunnet og leggja til rette for vekst på Fitjar.Fitjar Kraftlag feirar 90 år i 2025, og laurdag 27. september inviterer dei til jubileumsfeiring med familieaktivitetar, konsert og fest. Les meir på www.fitjar-kraftlag.no.Stor takk til Fitjar Kraftlag for at dei ville sponsa denne episoden!