Lars Jostein Rørvik - om Spelejobbar, Rock- og popband i Kvinnherad og Interessa for Historie

SunnhordlandPodden - A podcast by Kjetil Fyllingen - Mondays

Categories:

Lars Jostein Rørvik har hatt meir enn 300 spelejobbar i Sunnhordland og Hardanger. Han er litt over snittet interessert i historie og har gitt ut fleire bøker. I denne episoden får du høyre om interessa for fotball, kvifor han heier på Leicester, om å spela opp til dans og mykje meir. Me pratar om bøkene: Jens i Dalen Det illegale Sunnhordland: - motstand og etterretning 1940-1945 Rock- og popband i Kvinnherad gjennom 60 år Og ein ny bok som er på gang. Sponsor: Gaa Paa Episoden er sponsa av kulturprodusenten Gaa Paa. Gaa Paa arbeidar gjennom sine prosjekt for den levande, ekte og lokale scenekulturen i Kvinnherad. Den 24. februar kjem Gaa Paa til Stord kulturhus og presenterer gigantprosjektet «Pink Floyd Prosjekt 3» som er ein fullskala Pink Floyd-konsert, framført av 20 av dei beste artistane frå Kvinnherad. Frå ein enorm scene, som nett så vidt får plass i kulturhuset, skal publikum bli dratt med inn i Pink Floyd sitt univers gjennom storkonserten, som er bada i godlyd, lys og effektar! Her blir musikk frå ulike album og epokar – låtar me veit Pink Floyd-fans vil setja pris på! Billettar får ein kjøpt hos Stord Kulturhus, på nett og i billettluka. Konserten startar kl. 20:00 --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message